lørdag 7. desember 2013
Internett, samfunnsutvikling og humanitet
Internett; eit fenoment som har kome til å gjennomsyra så og seia alle aspekt ved det moderne samfunn og den moderne livsoppfatninga. Men kva slags djupareliggande, filosofiske og åndelege konsekvensar har internett ført til? Kva slags menneskesyn har internett ført til? Kva slags samfunnssyn har internett leda oss fram til?
Vi er i informasjonsaldaren. Vi har vore gjennom føydaltida, eneveldetida, industrisamfunnet. Informasjonssamfunnet, kor problemet er for mykje informasjon i staden for for lite, slik det alltid har vore tidlegare, er tvetydig.
Internett står i kjernen av det vi kallar informasjonssamfunnet; men lite filosofisk teori har vore utvikla omkring framveksten av internett og kva nettet har gjort med oss som menneske.
Vi har fått den virtuelle virkeligheten; vi kan så og til og med føla ein virkeleghet som ikkje er fysisk. Vi kan i den vera noko vi ikkje fysisk sett har forutsetningar for å vera, og vår fantasi kan setja grensene; i praksis grenselaushet. Det er svært mange gode sider ved internett; og vi har knapt nok oversikt over dei enno; for sjølv bruksområda til internett er så tallause at det er fantasien som set grenser for dei. Og så overgripande og altomfattande er i realiteten mulighetane at dei endrar konvensjonar, og ikkje berre det, men også styrkeforhold og grunnleggande samfunnssystemer. Det siste og tydlegaste eksempelet på dette er framveksten av dei såkalla 3d-skrivarane. Pr dato er det faktisk mulig å produsera eit våpen av metall som i tillegg kan avfyra skot, ved hjelp av ein 3d-skrivar, og oppskrifta. Dette synleggjer korleis informasjonen er det avgjerande; det er oppskrifta det handlar om, og alt anna blir berre erstattelege hjelpemiddel. I verste fall kan vi her sjå starten på oppløysinga av industri-og manufaktur-samfunnet, ettersom 3d-printarar er tilgjengelege for kven som helst.
Men det er fleire store men her. Det seier seg sjølv at kontroll over internett i realiteten er verdenskontroll. Då den gamle FBI-sjefen J. Edgar Hoover var i sine velmaktsdagar, kunne han diktera løysingar for alle aktørar på alle sider av bordet; og grunnen var at han satt på informasjon om alle aktørane.
Det syner seg no at internett ikkje er, og kanskje aldri har vore, ein fri leikeplass for kreativitet og utveksling, sjølv om det har vore markedsført og lansert som det. Ein vert nesten frista til å tru at det er eit stykke propaganda-arbeid av dimensjonar som har gjort det mulig å la dette mediet infiltrera så og seia alle sider ved det menneskelege samfunnet. Er det Edward Snowden har fortalt oss i realiteten at Internett er eit planlagt spionsystem for å skaffa seg verdskontroll? Ein kan merka seg hverken folk flest eller politikarar har gått til motangrep mot dette. Politkarane innser for eit uhyre nyttig redskap informasjonssamlinga var og er. Og forsvarer det til siste slutt. Næringslivet innser kor uhyre nyttig det er å skreddarsy produkt og reklame basert på målingar av folks hjernesvingingar når ulike ting blir vist. Ein har forsøkt å slå i folk at mengdene informasjon var så store at ein hadde sikkerheten gjennom det. Men det var før det kom for ein dag at ein heilt frå starten har utnytta roboter og maskiner til å halda rede på informasjonen. Og dernest har ein forsøkt å slå i folk at domstolar skulle avgjera kven som skulle ha informasjonen og kor lenge den skulle lagrast. Men handelen med informasjon er ikkje av ny dato; byar som Istanbul, Kairo og Samarkand, Kabul og Jerusalem visste dette for mange tusen år sidan.
Det som det no handlar om i forhold til internett, er å få tilgang til all informasjon, utan at nokon veit at du har den informasjonen. Den svenske filosofen Svein Søderlund har no endra meining om internett og privatliv; han meiner at no får vi gå for full åpenhet og full transparens; MEN seier han: Eit viktig kriterium må vi då ha: GJENSIDIGHET
Alle må vite kva slags informasjon alle har. Og det kjem ikkje til å skje. FOr då mista internett sin styrke som eit redskap for å dominera andre. For den som sit på informasjonen har makta. Og makt kan ikkje vera gjensidig.
Men det er ein del vanskelege sider ved internett med tanke på vår humanitet; ein ting er privatlivet. Med kampen mot terror som ledestjerne, så har ørkenbuarane i Arabia og Nord-afrika pressa oss inn i ein situasjon kor vi må oppgje privatliv, og rett til å ikkje bli overvaka. Men det stoppar ikkje der. For våre samfunn utformer lover om kva som er tillete av informasjon, og kva som ikkje er det. Og dei kriteria er ikkje oppe til demokratisk diskusjon. Ein kan regulera kva slags livsvilkår ein vil "tillata" for kvar enkelt person, basert på kva slags informasjon ein har om vedkommande. Det syner seg jo at langt dei fleste terroroperasjonar, og rekruttering til terror foregår via internett, og i så måte kan avskaffinga av privatlivsrett forsvarast, og det vert også gjort.
Og den som har tilgong til informasjonen kan sitja på han så lenge han vil. Og kan samla han inn med tanke på framtidig kontroll, med eit formål som ein på tidspunktet for innsamlinga ikkje har bestemt. Og lagra så lenge som nødvendig.
Dette har nokre ganske stygge konsekvensar med tanke på menneskeleghet - for eksempel at noko som er publisert på internett aldri kan garanterast til 100% å forsvinna. Likeledes vert rettssikkerheten svekka, ettersom informasjon som ikkje skulle og burde vore offentleg likevel blir det gjennom uhell og utro tenarar. Vi såg eit eksempel på dette i England for nokre år sidan, då sjukdomshistorie, journalar og trygdeopplysningar kom på vidvanke frå dei engelske myndighetane.Slike ting må ein rekna med. Det kan gjera uboteleg skade, og den kan ikkje rettast opp, og den som er ansvarleg for skada kan ikkje straffast og ettersporast.
Sjansen for å begynna på nytt forsvinn dermed også. Å begynna med blanke ark er ikkje lenger mulig i internettets tidsalder. Eit samfunn kor overvåking av ikkje berre eigedommar og oppførsel er mulig, men av tankar og idear. Dette vert gjort i omfattande grad, og brukt av dei som veit korleis ein skal bruka det.
Det er den rike verda som får svi for dette. Den fattige delen av verda unnslepp overvakinga, men vert likevel haldne auge med gjennom billige mobiltelefonar og kraftige sattelittbilder. Men vi har gjort skade på vår eigen menneskelhet, vi har fått eit samfunn av kikkarar, av overvåkarar, av mistenksamhet. Eit samfunn kor tillit ikkje lenger er eit alternativ, kor nokons æresord ikkje er godt nok.
Samfunnet som George Orwell skreiv om i "1984" har vore ein realitet i mange år. Vi kan dessverre også komma i ein situasjon kor fristelsen til å bruka informasjon direkte mot enkeltpersonar for å pressa fram politiske beslutningar, eller å provosera fram bestemte handlingar også fort kan bli ein realitet, mykje slik Edgar Hoover i FBI brukte informasjonen på 1950-talet. Vi er avhengig av ein eller annans aksept og goodwill for å kunne leva dei livene vi vil og ha dei draumane vi vil. I denne samanhengen framstår enkeltmenneskets fridom som eit reint propaganda-konsept.. Spørsmålet er om det er nokon veg tilbake. SÅ mykje kontroll, makt og pengar er på spel her, at dei som sit med spaka vil gjera kva det skal vera for å hindra nedmonteringa av informasjonssamfunnet. I tillegg til dette kjem den såkalla sjølvsensureringa som ein kjenner frå DDR, Sovjet og Kina. Då har vi også gjort skade på vår humanitet. Vi set grenser for våre eigne tankar, fordi vi veit at dei blir vegde og vurderte, og får konsekvensar for oss. På internett foregår ein kamp mellom det vonde og det gode. Og det er slett ikkje sikkert at det gode vinn.
Abonner på:
Innlegg (Atom)